Kino Førde

Kino Førde Kino Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook.

Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysningar (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjor

d kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi forventar at du viser respekt for andre. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; https://fordehuset.no/kinoprogram/

10/07/2026

Christopher Nolan sitt store epos The Odyssey har Norgespremiere fredag 17. juli 🤩

Basert på Homer sitt epos følgjer me Odyssev si reise heim etter den trojanske krigen - inkludert møta med den einøygde kjempen Polyfemos, farlege sirener, gudinna Kirke og gjenforeninga med kona, Penelope.

07/07/2026

Billettar i salg no! Spiderman kjem på Kino Førde 29. juni 🕸

03/07/2026

The one and only Party Boy, aka. Chris Pontius, har ein beskjed til alle norske Jackass-fans 👉 billettar til Jackass: best and last er ute! Gå på kino!! 💥 Premiere 10. juli kl. 1930🛒💀

Minions KONKURANSEN er AVSLUTTA! Takk til alle som har svart, vi kjem med ny kul konkurranse snart :) Det er Norgespremi...
01/07/2026

Minions KONKURANSEN er AVSLUTTA! Takk til alle som har svart, vi kjem med ny kul konkurranse snart :)

Det er Norgespremiere på filmen Minions & Monstre i dag og du kan vinne èin kul strandbag fyllt med bøttehatt, drikkeflaske, handkle og t-skjorte frå filmen 🍌💛

Kommenter med ein kul gul emoji og du er med i treninga! Doble vinnersjansen og delta på Kino Førde sin Instagram 🤩

01/07/2026

Årets festivalfilm er DJ Ahmet 🎧💿
Onsdag 1. juli kl. 19.00 og søndag 5. juli kl. 20.00

15 år gamle Ahmet lever eit liv styrt av tradisjonar i dei nordmakedonske fjella, der ansvar og plikter har teke plassen til skule og fridom. Når han ein dag snublar over eit hemmeleg raveparty i skogen, opnar det seg ei heilt ny verd – fylt av musikk, dans og håp.

Saman med Aya, som kjempar mot eit liv ho ikkje har valt sjølv, finn Ahmet mot til å følgje draumane sine. Med hjelp frå veslebroren forvandlar han ein traktor til ei mobil DJ-eining – og utfordrar både faren, tradisjonane og seg sjølv.

Ei varm, visuell og energisk forteljing om ungdom, kjærleik og motet til å vere den du er 💛

✨ Ikkje utan grunn vann filmen to prisar på Sundance Film Festival!

30/06/2026

Minions ror for Norge i dag 🇳🇴 🤩
Minions & monstre har Norgespremiere onsdag 1. juli og vi viser filmen både kl. 18.00 og kl. 20.00 💛

23/06/2026

Fekk du ikkje med deg filmen om Michel Jackson? Vi har sett opp to ekstraframsyningar denne veka 🤩
Tysdag 23. juni kl. 19.45 og torsdag 25. juni kl. 20.00!

Adresse

Angedalsvegen 5
Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kino Førde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kino Førde:

Snarveier

Del

Type