20/01/2026
Hei, kjære filmsjåarar!
Vi i Sunnfjord Filmklubb har - som de kanskje merka etter ein nokså stille filmhaust - måtte ta oss ei pause frå å ha filmframsyningar.
Det vert diverre ikkje filmklubb våren 2026 heller, då vi rett og slett er travle menneske som ikkje får gitt klubben den merksemda den fortener.
Når det er sagt: vil du, eller kjenner du nokon filminteresserte som vil vere med og drifte klubben vidare? Ta kontakt!
Vi finst framleis, men inntil vidare må de nyte film heime eller i kinosalen!
- Styret