02/08/2026
🎶 Desse konsertane kjem til Sogndal Kulturhus i haust
Hausten byr på alt frå jazz og blues til viser, rock, folkemusikk og is-instrument (!). Her er noko av det du kan oppleve hos oss:
🎤 Oss Fire
Ei varm og vakker musikalsk reise gjennom songane til Sigmund Groven og Lars Klevstrand – med tekstar av mellom andre Hans Børli, Tarjei Vesaas og Erik Bye.
🎸 Verdsmannen Thorbjørnsen
Ekte vestlandsrock med hjarta i Sogn. Sterke tekstar, mykje nerve og eit stjernelag av musikarar på scena.
💙 Fjøra Bluesband – minnekonsert
Ein kveld fylt med blues, speleglede og sterke kjensler. Overskotet går til Kreftforeningen.
🎺 Baker Hansen – Chet på norsk
Cooljazz på dialekt 😎 Klassikerane til Chet Baker får nytt liv på norsk – nært, varmt og heilt nydeleg.
🎻 MOJNA
Prisvinnande nordisk folkemusikk med hardingfele, gitar og bassklarinett. Stemningsfullt, vakkert og hypnotiserande.
⚡ Bushman’s Revenge
Jazz møter rock møter total galskap 🤯 Eit av Noregs mest eksplosive liveband kjem til Blaoboxen.
🧊 Terje Isungset & Ice Quartet
Musikk laga på instrument av is(!). Dette må opplevast live.
🍀 Folk Flest
Den årlege tradisjonen er tilbake! Lustrabandet fyller huset år etter år – og billettane brukar å forsvinne fort
🎼 Rasmus Lagerberg Trio x 2
Melodisk og moderne jazz med vibrafon, strykarar og improvisasjon i verdsklasse.
🎄 Trio no Treble
Ei julekonsert-oppleving litt utanom det vanlege – med mørke tonar, varme melodiar og mykje julestemning.
Kva konsert gler du deg mest til?