Lærdal kino

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Lærdal kino Lærdal kommunale kino ynskjer å gi publikum eit variert filmtilbod med gode og aktuell filmar. Kinoen har lange tradisjonar i bygda med drift sidan 1938. NB!

Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus! Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus!Kinoen har lange tradisjonar i bygda med drift sidan 1938. Lærdal kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyningar kvar søndag og enkelte torsdagar. Kinoprogrammet finn du her på facebooksida vår (under Hendingar), i aktivitetskalendaren på kommunen si heimeside, Helg & Kvardag, på skjermen i kulturhuset og i plakattavlene på rådhuset. Billettar kan tingast på førehand ved å sende ein sms til tlf. 905 84 198, skriv kva namn tinginga skal stå på, kor mange billettar og kva dato og film. Teknisk I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har elles topp moderne 7.1 lydanlegg; QSC hovudhøgtalarar og JBL basshøgtalarar og surround, QSC surround prosessor og forsterkarar. Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar. Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova. Som kino er me lovpålagt å handheve aldersgrensene på filmane. Du kan bli spurt om å syne legitimasjon på filmar med aldersgrense, er me i tvil og du ikkje har med gyldig legitimasjon vert du nekta inngang. Me godtek bilete av ID sida i pass på mobil som legitimasjon. Aldersgrenser på kino:
A – tillate for alle
6 år – alle born i fylgje med vaksne
9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne
12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne
15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne
18 år – absolutt aldersgrense

Billettprisar på kino Vaksne kr. 120,- Born kr. 80,-
Eigne prisar for einskilde premierer og spesielle framsyningar. Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis. Det er høve til å kjøpe gåvekort på kinoen når me har framsyningar, og elles i servicesentralen på rådhuset. Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino. Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa. Kinostyrar: Øyvind Hamre
Tlf: 905 84 198
E-post: [email protected]

14/09/2026

Hei folk!

Kommande søndag, 20.09. Kl. 19:00, byr kinoen på nervepirrande actionthriller i En nasjon i sjakk!

Aldersgrense 15 år.

Krisestaben på Stortinget og leiaren av Delta-troppen Anton Block må takle den ultimate utfordringa når Noreg sin statsminister forsvinn. Ein terrorist pressar dei til å delta i eit dødeleg parti sjakk, der kvart trekk set menneskeliv i fare. Mens klokka tel nedover kjempar Anton Block og kompanjong Björk Jonsdottir for å redde statsministaren og avverge katastrofen som nærmar seg.

En nasjon i sjakk er ein actionthriller frå regissør John Andreas Andersen, kjent mellom anna for Nr.24 og Skjelvet. Filmen er basert på Johan Høst sitt kritikarrosa bokfenomen som vart ein bestselgar i 2022.

14/09/2026

Hei folk!

No kommande torsdag 17.09. Kl. 19:00, byr kinoen på følelseslada og intimt drama i Lave forventninger! Med Marie Ulven (Girl in red) i hovudrolla.

Kor langt vil du gå for å nå draumane dine, når alt du gjer for å lukkast berre gjer deg ulukkeleg? Nokre intense år etter gjennombrotet, kollapsar Maja (29). Den populære artisten må sette karriera og livet på pause. Deprimert og utan pengar flyttar ho heim til mora, som har skaffa henne ein deltidsjobb på ein vidaregåande skule. Maja får eit hardt møte med ein normal kvardag og må finne ut av livet på nytt.

Minner om framsyninga i dag, 12.09. kl. 16:00, av Coyote vs. Acme - Per Ulv på saken!Aldersgrense 6 år.
12/09/2026

Minner om framsyninga i dag, 12.09. kl. 16:00, av Coyote vs. Acme - Per Ulv på saken!

Aldersgrense 6 år.

10/09/2026

På kinoen no laurdag 12.09. kl. 16:00!

Aldersgrense 6 år.

08/09/2026

Hei folk!

No kommande laurdag, 12.09. kl. 16:00, byr kinoen på ein ellevill komedie for heile familien i Coyote vs. Acme - Per Ulv på saken!

Aldersgrense 6 år.

Etter at alle produkta Per Ulv handlar hjå ACME Corporation sviktar han, i jakta hans på Bippe Stankelbein, leiger han inn ein advokat ramma av like mykje uflaks, til å saksøke firmaet. Når Per Ulv sin advokat finn ut at sjefen for ACME er den gamle skremande sjefen hans, sler han seg i lag med Per Ulv for å vinne rettsaka mot det multinasjonale konsernet som, i profittens namn, har sprengt Per Ulv i lufta gong på gong.
Filmen er ei blanding av teiknefilm og vanleg film.

06/09/2026

Minner om framsyninga i dag, 06.09. kl. 19:00, av Fjord!

03/09/2026

På kinoen no søndag 06.09. kl. 19:00!

31/08/2026

Hei folk!

Kommande søndag, 06.09. kl. 19:00, byr kinoen på rumensk-norsk drama i Fjord!

Aldersgrense 9 år (høver vaksne/ungdom)

Ein norsk-rumensk familie flyttar frå Romania til ein liten tettstad i Noreg. Her kjem fembarnsfamilien raskt i kontakt med den lokale menigheita og med naboane, som har born i same alder. Når skulen får mistanke om at foreldra driv med fysisk avstraffing av borna sine, vert det teke affære.

Fjord er eit aktuelt, spanande og tankevekkjande familiedrama som utforskar kulturforskjellar og dei skjøre grensene mellom privatliv og institusjonell makt. Filmen vann Gullpalmen under Cannes Film Festival i år.

Adresse

Øyraplassen 14
Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Lærdal kino legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lærdal kino:

Snarveier

Del

Kategori