11/08/2026
🎉 HAUSTEN I UNGDOMSKLUBBANE
Hausten nærmar seg, og me gler oss til å starte opp igjen! Det blir litt endringar i år. Kjedlar’n i Øvre Årdal blir hovudbasen vår, medan me vil ha ulike aktivitetar på Årdalstangen.
📅 FELLES OPPSTART I KJEDLAR’N – ONSDAG 26. AUGUST
Opningstider:
Onsdagar kl. 18.00–21.00
(nokre veker vil me forsøke å halde ope tysdager , meir info kjem)
👥 Aldersgrense: 8. klasse–18 år
💳 Medlemskort: 200 kr for heile skuleåret. Då kan du delta på alle aktivitetane og få gratis mat og drikke på klubbkveldane.
💪 GRATIS TRENING MED TRIMHÅLA
Me er superglade for samarbeidet med TRIMHÅLA og fram til jul kan ungdom trene gratis annakvar veke. Dei vekene det ikkje er trening, blir det andre aktivitetar og det vil skje noko på Årdalstangen kvar veke framover.
Det blir mellom anna pizzakveldar, gratis kino, ulike aktivitetar og mykje anna.
📲 Følg oss på sosiale medium for å få med deg kva som skjer!
Har du tips, idear eller ønskje til aktivitetar? Send oss gjerne ein melding!
Me gler oss til å sjå dykk igjen! ❤️