08/10/2026
Måndagsfilmen - Sense and Sensibility
I måndagsfilmen 12. oktober kan du sjå ei ny tolking av Jane Austen sin store klassikar, Sense and Sensibility.
Den nye filmatiseringa av Jane Austen sin hylla klassikar pustar nytt liv i den rørande forteljinga om Dashwood-systrene, i ei tidlaus historie om kjærleik, søsterskap og samfunnet sine forventningar i England på slutten av 1700-talet.
Etter at faren døyr, mistar familien både heimen sin og den økonomiske tryggleiken. Mrs. Dashwood må ta med seg dei tre døtrene sine til langt meir beskjedne kår på landsbygda. I ei tid der kjærleik, velstand og sosial status er tett vevne saman, må dei unge jentene ta kloke val for å sikre framtida til familien.
«Sense & Sensibility» er regissert av britiske Georgia Oakley («Blue Jean»), og på rollelista finn vi Daisy Edgar-Jones, George MacKay, Caitríona Balfe, Stacy Martin, Frank Dillane og, ikkje minst, vår heilt eigen Herbert Nordrum!
Denne filmen kan du sjå for halv pris dersom du er medlem i Filmweb kinoklubb. Les meir om det her: https://www.kinoklubb.no/
Kaffi og kaker er inkludert i billetten og blir servert i timen før filmstart, altså frå klokka 12.30.
Fleire visningar av denne filmen på Ørsta kino:
🟡 Fredag 9. oktober klokka 19.30 (norgespremiere)
🟡 Søndag 18. oktober klokka 19.40
Måndagsfilmen - Sense and Sensibility